I april i aor blei eg, pao lik linja med mange rundt om i Norges land, kjende med ei jenta. Ikkje kjend med ho i reint personle forstand, men jøno bloggen hennas fekk me følja kampen hennas mot ein svært agressiv form for blodkreft, so ho fekk konstatert i ein alder ao 17. Me ha faott teke del i kvardagen hennas, både med opptura og nedtura, og som lesara ha me vårte kjende med ei utrule sterk jenta med ein utrule sterk historie - og ikkje minst, ei jenta so openhjertigt ha gitt oss innblikk i keleis da e å ha kreft i ein alder ao 17-18. Bloggen hinnas ha ittekårt vårte ein ao dei aller mest lesne bloggadn i Norge, og tusenvis ha følt Regine sin kamp. Eg ha og våre blant dei mange tusen so med jamne mødlorom ha klikka inn pao bloggen hennas, men siao eg no ha våre i mi eigi vetla eksamensbobla i ganske lange tid no, so e da leinge siao sist. Sjokket blei difør ganske stort naor eg i jaor kunne lesa pao NRK sine nettsie at ho hadde sovna stilt inn haima, med familien og pusekatten sin rundt seg.
Sleke ting gjere inntrykk, kanskje da gjere ekstra inntrykk naor da ramma nåken so e i mi aigi aldersgruppa. Og ikkje minst; da sete ting i perspektiv. Kvardagslige "problem" og utfordringa, som ke ein ska handla i julapresang te adle tanteunga elle at frisøren la dan mørke fargen i haoret mitt litt før langt opp mot ansiktet elle at eg gjorde ein relativt dårle eksamen i da eina masterfaget, bli likso plutsle so smaoe og ubetydelige. No kjende eg ikkje Regine Stokke ant enn jøno bloggen hinnas, men ho ha uten tvil gjort eit stort inntrykk pao meg - og mange med meg. Ho tapte ikkje kampen mot sjukdommen, ho tok øve kampen og vann ufattele mange hjerte pao vegen, samtidigt so ho lærte oss adle (evt. minna oss pao da, siao dai fleste ao oss nok veit da frao før, men ha ein tendens te å gløyma da i kvardagen..) at livet e kort, at dagen i dag e verdt dobbelt so mykje so mårodagen førdi mårodagen pao ingen maote e ein sjølvsagt ting, at me bør slutta med å kava oss opp øve bagatella og hugsa pao at livet, ja da e da so utspela seg her og no, so me bør setja pris pao da - og folki me ha i livet vaort - i litt større grad i kvardagen enn da me kanskje pleie å gjera. Og Regine: You faced your fear and accepted your war. Kvil i fred.
No comments:
Post a Comment