Tuesday, 19 October 2010

Miljøskadd?

E du so meg, so ha du ingenting i mot å ha lyd pao øyredn naor du ska sitja å jobba med skulearbeid. Ein veldig grei følgjesvenn å ha e Studentradioen i Bergen, so eg ofta tyr te, kanskje spesielt dei dagadn eg e alvorle lei ao spelelistao pao mp3-spelaren min. Problemet mitt e at eg so lett bli fascinert ao dialekta, ein fascinasjon so berre ha vokse seg større og større i løpet ao x antal aor med språkstudia. Og siao studentmassen i Bergen e mangfaldig med tanke pao kest dei kjemme frao, so eksistera da og eit mangfald ao dialekta, nåke so bli reflektert jøno medarbeidaradn i SriB. Naor eg i dag sat pao lesesalen med formiddagsprogrammi te SriB som akkompagnement te boki eg skulle prøva å lesa ferdig, so va da oppte fleire gonge eg tok meg sjøl i å møsta traoen både i da eg las og i da dei snakka om førdi eg hang meg opp i maoten dei snakka pao. Djiiz Louise, saie eg berre...snakka me bittelitt miljøskadd? Ehhm,ja..eg trur da. So te dei ute i dan vide verden eg endao ikkje ha møtt (elle dei eg ha møtt, men so ikkje heilt ha faott med seg ke stor dialekt-freak eg e): viss eg e midt inni ein samtale med deg naor eg anten faor eit tåpele smil rundt munnen, eit merkle uttrykk i augedn elle tesynelatande møsta heilt traoen i samtalen, so e da sannsynlevis ikkje nåke gale, da e nok berre da at eg ha heingt meg opp i eit elle ant fascinerande ved maoten du snakka pao. Pao forhånd unnskyld!

No comments: