Livets vev har mange fargar, men skal me heilheita få sjå
så må me også ta med oss dei dagar som er grå.
Dessa ordi ha eg plukka med meg frao bryllupstalen so eldsta søstri mi heldt i bryllupet sitt. Om dei e ført i pennen ao ho, elle om ho ha plukka da med seg frao ein annan plass e uvisst, men kloke ord e da i allefall, og verdt å legga seg pao minnet. For graoe daga e uungaoele, dei dukka opp med jamne mødlorom. Nyansadn kan variera; av og te e graofargen berre sovidt synle, andre gonge e dan pao grensao te svart.
Denna sista vekao ha vorte te eit ao dei graoe innslagi i livsveven min. Da ha vore ei veka med akutt mangel pao inspirasjon, motivasjon, konsentrasjon - ja,sikkert dei fleste -sjona du kan komma pao..sånn med unntak ao frustrasjon dao, for da ha eg hatt i haugavis. Eg ha forbanna heile masteroppgåvao mi. Hadde da funnest ein pris for dan mest sutrete og surmulete (uvisst om detta egentle e eit ord, men akkurat da bryr meg katten!) personen, so hadde eg glatt måtta rydda plass pao hyllao mi, for dan hadde eg lett stukke ao med. PC'n min ha fått ganske mange stygge tanka (vel og merka velfortjent, siao dan e fudle i F!). Nordiskplanen eg hadde for detta semesteret gikk i vasken pga eit litt firkanta system, nåke so ikkje hjalp pao humøret og so ga meg ein trang te å gao opp å skrika te dan personen so behandla saki mi. Ein liten del ao meg ha hatt løst å kvela gla persona. Elle i allefall skyta dei med sprettert. Hadde eg hatt dan personen so kom opp med "Smil te verden og verden smile te deg"-uttrykket i min umiddelbare nærhet, so hadde eg kasta råtne egg pao vedkommande. Følelsen ao å ikkje sjao skogen for berre tre (so mammao ville sagt..) ha vore ganske sterk, og ha gitt meg (a) lyst te å gao ut pao plassen utafør HF og berre hyla høgt, og (b) grunn te å stidla spørsmaolstegn ved kefør i adle daga eg gidda å utsetja meg sjøl for detta, før ikkje å snakka om da faktum at eg ha teinkt å utsetja meg sjøl for detta endao ein gong ved å fortsetja pao nordisk ittepao.
Og som dan observante lesar kanskje ha oppfatta, so e eg kje heilt ferdige med da graoa området endao. Masterskriving e ikkje alltid ein dans pao rose (i tilfelle nåken skulle tru da), og sjøl om eg egentle e motstandar ao å klaga sånn fordi da jo egentle berre e bagatella da eg klaga øve, so e da mykje bedre å klaga høgt enn å berre klaga inni seg. Dao vil da jo te slutt eksplodera, og eg kan komma te å gjera alvor ao sprettert-planadn mine elle da å hyla høgt te verden. Og dei ha vel sin rolle dessa graoe dagadn og, for hadde kje da funnest graoe flekka so hadde me vel ikkje lært oss å setja pris pao da stora fleirtalet ao daga so faktisk e i andre farga.
No comments:
Post a Comment