Adle ha vel ein gong trudd pao nissen. Og site du no og teinke "Pøh, eg skjønte alltid at da berre va papan/brodern/onkel/naboen (putt inn da so passa) so hadde kledd seg ut", so ha eg berre ein ting å sei: kom aan! Da e ingen skam i å innrømma at du trudde pao nissen, og at du kanskje blei litt lei deg dan dagen du oppdaga at du hadde levd pao ei livsløgn i adle aor (adle e her eit relativt omgrep, for sjøl om du trudde pao nissen naor du va liten, so innsaog du vel at nissen va fake før du va vårten so altfør gammal. Helst bør du ha innsitt da før du blei 12). Ideen om at da finst ein person dar ute so føle med pao om du e snill elle slem, og so ha evnen te å oppfødla sjøl dei vidlaste ønskedrauma berre du e snidle nok, e jo egentle ein ganske forlokkande tanke, so eg skjønna jo at da kan bli lett traumatisk å finna ut at alt berre e tull.
Teink deg derimot at du oppleve da motsetta (vel og merka ikkje med nissen dao), altso at nåke(n) du trudde va tull, vise seg å vera ekta. Leinge før nordisk-studiadn mine, so let eg meg nemle fascinera ao dialekta, og pao grunn ao denna dialektfascinasjonen, ha eg alltid hatt stor underholdning i Joker sine radioreklama. Ja,du ha sikkert høyrt dei du og: vekao sitt Joker-tilbud bli annonsert ao ulike Joker-kjøpmenn frao ulike plassa rundt i landet, og itte dei e ferdig å snakka so kjemme da ei stemma so seie "Ja, dette var en flott dialekt,språkforsker Arne Torp, hvor skal vi denne uka?" og so kjemme Arne Torp og seie nåke sånt so "Ja, detta va tøft, detta e jo då heilt klart Indre Sogn, her e så mange likheiter med islandsk som du kan få i norsk.." og so gjetta han kest kjøpmannen kjemme frao (ha kje du høyrt dessa reklamadn, seie du? Fortvil ikkje, du kan høyra ein del ao dei her). Slek blei Arne Torp min helt, sjøl om eg trudde han egentle ikkje fanst i verkelegheiti. Eg trudde rett og slett han va dialektverden sin versjon ao nissen: ein so berre sat å las opp frao eit manus, men so gjorde da pao ein so aoverbevisande maote at ein jo kunne tru han faktisk kunne da han dreiv med pao. So begynte eg pao nordisk, og plutsle oppdaga eg at nissen, a.k.a. Arne Torp, faktisk va ein reell person! Han fanst! Da va kje snakk om ein fiktiv person so las opp frao eit manus, da va snakk om ein åntle person so faktisk kunne dei norske dialektadn ut og inn. Ja,eg veit eg sikkert framstaor lett skrullete no, so e so fascinert øve ein person berre før at han kan heimfesta ein dialekt lika lett so andre teke pao seg sokka. Men faktum e at sjøl om mange helle kanskje skulle ønska dei va dotteri te Arne Torp (som e Ane Dahl Torp, i tilfelle du lurte), so skulle eg ønska eg va Arne Torp. Elle rettare sagt; eg vil bli dan nye Arne Torp. Frao og med i dag ska da vera mitt svar naor folk kjemme med da evinneliga hat-spørsmaol nr 1 om ke eg ska bli naor eg bli stor. Eg ha endle eit svar: Eg vil bli dan kvinnelige versjonen ao Arne Torp.
1 comment:
JAAAAAAAAAAAAAAAA!
Post a Comment