Monday, 3 May 2010

Kom mai, du skjønne milde!

Da førsta eg heingde opp pao veggen min pao rommet mitt naor eg kom te York i januar va 2010-versjonen ao Lustrakalendaren. Før da førsta e da alltid kjekt å ha ein kalendar lett tilgjengele, og før da andra so skada da ikkje at kalendaren e følt opp med bilde heima frao vakre vene Sogn. No ha eg, før 4.gong, bladd om og skifta maone, nåke so betyr at me no e komne te mai. Om ti daga ska to stk eksamensoppgåve vera klar te innlevering. Om presis fira veke pao denna tiden so e eg tebake pao norsk jord - ja,sannsynlevis tebake pao Sønnesyn og te og med, viss alt ha gaott itte planen, og flytrafikken ikkje bli ramma ao nye oskeutbrot frao ein eller annan islandsk vulkan. Da e ein god, om enn litt vemodig, tanke.

Heldigvis stoppa oskeutbroti sopass at flytrafikken kom i gang atte og eg kunne vera vertskap før to særs ittelengta besøk haimafrao. Silje, Kjell Øystein og Håvard va dai første so tok turen, og sjøl om besøket blei ein dag forkorta pao grunn ao danna hersens oskao, so fekk me nåken trivelige daga dar York før alvor viste seg frao si beste sia med strålande vaorver og flott temperatur. To daga itte dei va reist heim va tiden kommen før at medmaster-student Mari sette seg pao flyet og tok turen øve dammen, og sjøl om vaorveret ikkje spelte lika mykje pao lag med oss dessa dagadn, so sette ikkje da nåken stoppar før verken dagstur te Scarborough elle Castle Howard, elle andre aktiviteta. Eg håpa dei besøkande kosa seg lika mykje med å vera her so eg kosa meg med å ha dei her, og at dei kanskje ha faott litt førstaoelse før kefør i adle daga eg trivst so godt i denna byn og i detta landet.

Men besøk kan ikkje vara evigt, sjøl ke kjekt da e, og no e da absolutt ingen veg utenom da å maotta gao tebake te kvardagen. Siste innspurten pao to stk eksamensoppgåve venta, og sjøl om da e surrealistisk å tainka pao at semesteret snart offisielt e øve, so ska da bli ganske godt å fao ting ut ao verden og. Men starten pao innspurten faor venta te i måro, før kvelden i kveld ska ikkje bli brukt te nåke ant enn å sitja med føttn strekk ut og å sjao pao dan nyaste episoden ao Glee. So long!
Da japanska kirsebærtreet i hagen vaor i full blomst. Eit sikkert vaortegn!

Jeij! Endele fekk eg besøk ao Silje, Kjell Øystein og Håvard!
York Minster -  by night!
Titt-tei!
Meg og Mari pao toppen ao York Minster
Me tok ein tur te Scarborough for å besøka havet...
...og fann ikkje berre sandstrende og hav, men og eit slott!
Scarborough Castle

Pao besøk te Castle Howard. Bu her? Ja,takk!

1 comment:

Mari said...

Veit du, eg kunne nesten blitt vindaugspussar eller noko slikt for å få lov til å bu der. Sjekka forresten bileta på pianoet osb, såg dårleg ut for at det var ein son i huset i passande alder... Nedtur.
Lukke til med oppgåvene - og hugs å nyta vårveret! Og enno ein gong: takk for fantastiske dagar