Tuesday, 3 August 2010

Ny sesong te endes!

Ein ny sesong pao Walaker Hotell e forbi, i allefall offisielt. Egentle slutta eg sopass tidle for å fao anledning te å bruka litt tid pao å førebu hausten, men eg blei spurt fint om eg ikkje kunne ta to arbeidsdaga te so uoffisielt e eg vel ikkje ferdig endao. Men da nærma seg. Itte å ha lagt bak meg nye sju veke i denna bransjen, med alt da medføre, so kan ein ikkje unngao å sitja atte med følgjande erfaringa og tanka:
  • Da e ufattle masse folk so reise rundt i Norges land i løpet ao ein sommar.
  • Naor du jobba i resepsjonen elle svara i telefonen pao eit hotell, so forventa folk at du e allvitande. Dei forventa ikkje berre at du veit da ein kan forventa at folk so jobba pao hotell veit, men dei forventa at du veit ALT. Og at du alltid ha god tid te å svara pao absolutt adle mulige spørsmaol.
  • I motsett ende ao skalaen ha du dei so ikkje trur du veit nåke. "Hvor mye koster det å bo her da, vet du det du kanskje?". Ehh,jaa!
  • Enkelte ha ikkje lært seg ke ordet "nei" betyr. Viss eg saie at me dessverre e fullbooka, so betyr da at me dessverre e fullbooka, og e me fullbooka so kan eg ikkje trylla fram ein ekstra soveplass! Fullbooka=fullbooka. Deal with it!
  • Naor ein jobba frukostvakt, so kan ein ikkje unngao å undra seg øve om enkelte rota og grisa lika masse pao sitt eige frukostbord heima so da dei gjere naor dei e pao hotell.
Ja,ein møte masse merklige folk naor ein jobba i denna bransjen (som ein sikkert gjere uansett ke yrke ein jobba i), men sjøl om du av og te bli skikkle lei ao å måtta vera smilande, blid og serviceretta mot absolutt adle, so e da ikkje te å stikka unde ein stol at 90% ao dei ein treffe jo e hyggelige og greie. Og naor alt kjemme te alt, so e ikkje hotellbransjen dan verste bransjen å jobba i. So kanskje da kan vera ein framtidig yrkesretning? Kem veit.

1 comment:

Mari said...

Eg håpar indarleg "førebu hausten" tyder "ta det lugnt, bada i Solvorn, reisa på ferie" og ikkje "lesa både mitt og andre sitt pensum" - for du fortener ferie etter ein sommar i turistbransjen i Sogn!
Og ja, det er undarleg kva folk trur ein kan og ikkje: "Veit du om det er internettkafe her?" Ja, det veit eg at det ikkje er. "Og veit du kor langt det er frå Rosendal til Oslo om Stavanger?" Veit nokon det?!