Ha julestemningen mangla litt før i desember, so ha dan som oftast dukka opp i løpet ao kvelden før kvelden..elle dan ha i allefall komme snikande i lag med Tre nøtter til Askepott og familielunsjen me alltid pleie å ha pao julaftao. Da, i kombinasjon med åntle julesnø ao typen so knirka unde skodn naor du gaor, ha alltid vore ein sikker triggar ao julestemning. Men te tross før at alt detta ha vore pao plass, so ha lite julestemning komme krypande fram i aor. Pao julaftao hadde eg ikkje følelsen ao at da va julaftao. Pao 1.juledag, som eg alltid pleie å bruka pao å sitja samenkrudla i ein stol framfør peisen og juletreet med nasen i ei eller anna bok, so va eg ein smule rastlaus. Og no e me jo egentle midt i romjuli, men eg føle da e ke som helst anna veka. Julekvelden kom jo som, ja nettopp, julekvelden pao kjeringi i aor, so kanskje e da berre eit resultat ao da? Elle e da slek da e å bli vaksen? Ein merkele følelse e da no uansett.

No comments:
Post a Comment