Wednesday, 16 March 2011
Breitt e heitt...
...i adlefall i følgje P3! Dei paostaor nemle at sognadialekti e ein ao dei heitaste dialektadn i Norge for tiden, og eg ha jo pao ingen maote teinkt å protestera mot dei. Greitt, so e eg inhabil med tanke pao at eg snakka sognamaol sjøl, men dialekti e jo fin dao. Og innslaget so P3-reportar Silje laga syne jo klart og tydle at me kan komma ganske langt med å prata breitt, fordi folk teslutt enda opp med å sei ja te ting uten at dei egentle ha peiling pao ke dei ha sagt ja te. Da kan jo av og te vera heilt greitt! Og e du enige i at sognamaolet e dan norske dialektn so faor da te å brusa litt ekstra i blodet ditt, ja so gao no for all del inn og stem! Men ikkje gidd å høyr pao lydopptaket, før da e før da førsta ein ufattele dårle representant og før da andra slettes ikkje spesielt sexy...
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Eg syns i alle fall at sognamål er heitt ;)
Post a Comment