Wednesday, 23 March 2011

Kjære UiB

Eg veit ikkje kem so plutsle fekk da føre seg at plassen ved HF-bygget skulle pussast opp. Kanskje va da HF-folket sjøl so kom med ideen? Kanskje va da Eigedomsavdelingen? Kanskje va da nåken so plutsle ein dag teinkte som so at viss ein ga HF eit ansiktsløft utad, ja so ville dei andre fakulteti fao litt meir respekt for oss humanista? At eit ansiktsløft kunne medføra at da for ein gongs skuld va HF-fakultetet so blei gjenstand for misunning frao andre fakultet? Ikkje veit no eg, og ikkje betyr da vel egentle so mykje kem sin ide da va helle. Oppussingen e jo i full gang, uansett kem sin ide da va.

Men e da nåken eg kan garantera ikkje kom opp med denna ideen om oppussing, ja so e da oss studenta. Og no snakka eg sjølsagt ikkje for heile HF sin studentmasse, for da hadde kje forundra meg da spøtt om da finst både to og tre studenta so ein gong i blant ha teinkt tanken at da hadde gjort seg om ting saog litt meir velstelt ut. Hadde eg vore ein heilt vanle bachelorstudent eg og - so kunne komma pao forelesing, for so å gao igjen naor forelesingen va ferdig - ja,so kan da godt henda eg hadde teinkt da samma. Kanskje hadde eg te og med tårt å sagt da høgt. Men dessverre for meg so e bachelorgradens glade daga ei svunnen tid. Om mindre enn to maona ska eg, og fleire med meg, levera frao oss masteroppgåvao vaor, og som kjent, so e kje ei masteroppgåva nåke so skrive seg sjøl. Da krevst faktisk ein smule konsentrasjon. Og for å konsentrera seg, so treinge ein eit godt arbeidsmiljø. Da kan kje vera for heitt elle for kaldt. Ein mao ha god luft, og sist, men ikkje minst, so mao da vera nåkelunde stilt. Og akkurat pao da punktet, kjære UiB, ha de forrekna dikka grovt. Eg veit kje keleis verden de egentle leve i, men ein treinge kje vera ingeniørutdanna elle medlem i MENSA før å skjønna at e da to ting so gaor omtrent lika godt i lag so olje og vatn, ja so mao da vera stillheit og anleggsarbeid. Og naor lesesalen vaor ligge sånn omtrent midt i da området so ska pussast opp, so treinge ein helle ikkje vera MENSA-medlem før å skjønna at me so site pao dan lesesalen kjemme te å høyra bråket. Og med unde to maona igjen te leveringsdato, so e vel da sista me treinge å maotta sitja og høyra pao boring, graving og maskinlyda heile dagen. Da e te å bli GAL ao! GAL!

Viss da no e sånn at de site å teinke: "Åy,men detta ha me faktisk ikkje teinkt pao. Ja,detta va jo ein litt uheldig konsekvens..", so bør de gao kraftigt i dikka sjøl. Viss de faktisk ha teke med i berekningen at støyen kjemme te å vera te plaga for oss stakkara so bli sitjande midt oppi da, men likavel ikkje prøvde å planlegga da sånn at mesteparten ao anleggsarbeidet blei lagt te ei tid pao aoret dar da ville vera te minst mule plaga for oss, so bør de skamma dikka langt og leinge! Ikkje ga de oss ein gong eit forvarsel om ke so skulle føregao utafør lesesalen vaor veka ut og veka inn - naidao, her måtte me plutsle fao ein heil maskinpark utafør lesesalen, for so å lesa i BT og Studvest om kefør da plutsle va full byggeaktivitet utafør. No e eg ingen paragrafryttar, men te opplysning so kan eg fortelja at de bryte både dela ao §4.1, §4.2 og §4.4 i Arbeidsmiljølovi, og hadde eg hatt tru pao at de tok ting te itteretning so skulle eg meir enn jedna klaska lovi i bordet te dikka og sagt "Høyr her!".

Viss kvaliteten pao masteren min bli forringa pga dårlige arbeidsforhold, so kjemme eg te å holda dikka ansvarle for evig tid. Da samma kjemme eg te å gjera naor eg sannsynlevis faor dårle høyrsel i ein alder ao 30 aor fordi eg no mao sitja med musikk pao øyredn konstant for i da heila teke å ha håp om å høyra meg sjøl teinka. Og viss de no prøve å stidla spørsmaolstegn ved at eg drive både med blogging og å lese Arbeidsmiljølovi naor eg e pao lesesalen - ja, so faor de sørga før at da bli stilt rundt meg dao, slek at eg kan driva med da eg faktisk ska driva med naor eg e her, nemle å fao oppgåvao mi leveringsklar te 16.mai kl 13.00!

No comments: