No før tiden e mediebildet hovedsakle oppteken ao ein ting: dan ittekårt so berykta svineinfluensaen. Dei siste maonadn ha me blitt mata med skremselspropaganda om detta viruset, og folk ha blitt ettertrykkele oppfordra om å vera nøye med håndhygienen, å nysa og hosta inn i albågen i stan før i hendedn og diverse andre velmeinande råd so ska vera med å førebygga at viruset ska spreia seg i so stor skala so da e blitt spaodd at da ska gjera. Og no e altso vaksinen kommen, og folk e allerede bjønt å gao mann ao huse før å sikra seg ein injeksjon. Seinast i dag gikk Folkehelseinstituttet ut og oppfordra adle - ikkje berre dei i dei sokadla risikogruppedn - om å ta influensavaksinen. Hovedgrunnen te at dai no gaor ut med ein slek oppfordring e at dei ikkje lainger klara å finna nåke mønster pao kem so bli hardt - og i nåken tilfelle fatalt - ramma ao influensaen. Dar da tidligare ha våre folk i dei sokadla risikogruppedn so ha våre mest utsett, so ha viruset no bjønt å breia stadigt meir om seg, og ramma stadig hardare blandt folk so e friske og raske i utgangspunktet.
So..ska ein lata seg vaksinera elle ska ein ikkje? Egentle so e da jo merkele å i da heila teke vurdera å ikkje gjera da, naor Folkehelseinstituttet før ein gongs skuld gaor sopass sterkt ut åg faktisk oppfordra adle te å ta vaksinen. Men samtidigt so e eg litt avventande. Delvis førdi eg vel ha litt vanska med å sjao at denna influensaen ska vera so veldig mykje verre enn dei vanlige influensavirusi so herja med jamne mødlorom. Dei siste aori ha da våre so mange influensavarsel, og helsemyndigheitedn ha gong pao gong gaott hardt ut og omtrent spådd dommedag, men uten at da egentle ha vårte da stora utao da. Med andre ord so ha dei ropt "ulv ulv" nåken gonge - kanskje nåken gonge før mykje? Dessuten so kan eg ikkje heilt fri meg frao tanken pao at vaksinao e litt hastverksarbeid. Folkehelseinstituttet insistera pao at vaksinen e trygg, men naor ein vanle vaksine bli utvikla i løpet ao fleire aor og denna vaksinen e blitt utvikla pao nåki maona - ja,so bli i adlefall eg litt smao-skeptisk. Og sjøl om Folkehelseinstituttet gaor ut å oppfordra om vaksinering, so e da ein del andre lega so e skeptisk og faktisk ikkje vil anbefala folk å ta vaksinen. So ke ska ein tru? Og kem ska ein tru? E risikoen ved ein eventuell svineinfluensasmitte større enn risikoen før alvorlige bivirkninga ao ein vaksine so egentle ikkje e skikkle utprøvd, og so og sei bli utprøvd as we go along? Eg veit ikkje..men heldigvis so e ikkje eg i risikogruppao, og vil uansett ikkje fao tilbud om å ta nåken vaksine før om vel ein maone, so eg ha no endao litt tid te å ta stilling te da.
No comments:
Post a Comment